Norsk2-studentar tvingast til å skrive nynorsk. Det er nok ikkje berre Caroline og eg som strevar og stadig må slå opp i ordbøker. Har vi noko igjen for det? Eit søk på "skrive nynorsk" ga fleire interessante treff. I bloggen til Bergens Tidende påstår ein jusprofessor ved Universitetet i Bergen at "Nynorskstudentane skriv gjennomgåande meir poengtert enn bokmålstudentane."
Johan Giertsen hevdar at "vi som skriv bokmål har mykje å lære av nynorsk. Fordi språket er juristane sitt viktigaste verktøy,
er kvaliteten på den skriftlege framstillinga og kvaliteten på den
faglege prestasjonen uløyseleg knytt saman.
Nynorskstudentane skriv gjennomgåande meir poengtert og meir
kortfatta enn bokmålstudentane. Dette gjeld nok i stor grad også for
praktiserande juristar som dommarar og advokatar. Mange juristar lir av "ordsjuke". Vi skriv ofte lengre enn innhaldet i bodskapen gjer
nødvendig. Unødvendige gjentakingar er eit utslag av denne ordsjuka. Eit anna
kjenneteikn er bruk av ord som tilfører lite eller ingenting, men som
blæs opp teksten og gjer han tyngre og meir utilgjengeleg.
Ein del juridiske framstillingar på bokmål har vore
prega av ei passiv og upersonleg form (t.d. "Det antas at"). Nynorsk
inneber meir bruk av ei aktiv og personleg form. Dette fører til at
framstillingane ofte blir meir rett på sak.
Dessutan får nynorsktekstar ikkje det preget av kansellistil som kan
skjemme somme bokmålstekstar innanfor jus. Nynorskjuristar vert ofte
tvinga til å tenkje meir på korleis framstillinga skal formulerast.
Også ved NTNU har dei funne ut at "å skrive nynorsk hevar språkkompetansen. Dersom du skriv nynorsk, blir du flinkare til å lese og forstå begge dei norske målformene. Tospråklege individ ... er smartare, meir kreative, meir språkleg medvitne, er betre til å
oppfatte det som blir sagt og presterer betre på skulen."
Hjartesmil er navnet på ein blogg til ei som skriv på nynorsk. Mariell Øyre trur at ho får "folk til å akseptere nynorsk som ei språk ein kan bruke til dagleg." Eg fikk vite om Mariell og bloggen hennar i eit annonsevedlegg for Språkåret 2013.