søndag 17. mars 2013

Blogg på nynorsk

Norsk2-studentar tvingast til å skrive nynorsk. Det er nok ikkje berre Caroline og eg som strevar og stadig må slå opp i ordbøker. Har vi noko igjen for det? Eit søk på "skrive nynorsk" ga fleire interessante treff. I bloggen til Bergens Tidende påstår ein jusprofessor ved Universitetet i Bergen at "Nynorskstudentane skriv gjennomgåande meir poengtert enn bokmålstudentane."

Johan Giertsen hevdar at "vi som skriv bokmål har mykje å lære av nynorsk. Fordi språket er juristane sitt viktigaste verktøy, er kvaliteten på den skriftlege framstillinga og kvaliteten på den faglege prestasjonen uløyseleg knytt saman.

Nynorskstudentane skriv gjennomgåande meir poengtert og meir kortfatta enn bokmålstudentane. Dette gjeld nok i stor grad også for praktiserande juristar som dommarar og advokatar. Mange juristar lir av "ordsjuke". Vi skriv ofte lengre enn innhaldet i bodskapen gjer nødvendig. Unødvendige gjentakingar er eit utslag av denne ordsjuka. Eit anna kjenneteikn er bruk av ord som tilfører lite eller ingenting, men som blæs opp teksten og gjer han tyngre og meir utilgjengeleg.

Ein del juridiske framstillingar på bokmål har vore prega av ei passiv og upersonleg form (t.d. "Det antas at"). Nynorsk inneber meir bruk av ei aktiv og personleg form. Dette fører til at framstillingane ofte blir meir rett på sak.
Dessutan får nynorsktekstar ikkje det preget av kansellistil som kan skjemme somme bokmålstekstar innanfor jus. Nynorskjuristar vert ofte tvinga til å tenkje meir på korleis framstillinga skal formulerast.

Også ved NTNU har dei funne ut at "å skrive nynorsk hevar språkkompetansen. Dersom du skriv nynorsk, blir du flinkare til å lese og forstå begge dei norske målformene. Tospråklege individ ... er smartare, meir kreative, meir språkleg medvitne, er betre til å oppfatte det som blir sagt og presterer betre på skulen."

Hjartesmil er navnet på ein blogg til ei som skriv på nynorsk. Mariell Øyre trur at ho får "folk til å akseptere nynorsk som ei språk ein kan bruke til dagleg." Eg fikk vite om Mariell og bloggen hennar i eit annonsevedlegg for Språkåret 2013.

2 kommentarer:

  1. Sidan eg kjem frå ein kommune der nynorsk er hovudskriftspråket gjennom heile grunnskulen, synes eg det er flott å lese at du òg slår eit slag for nynorsken. Nynorsk gjev, etter mi meining, det norske skriftsspråket ekstra «krydder» og gjer lesing og skriving spanande. Nynorsk er diverre lite brukt av «den vanlege mann i gata» og får difor, etter mi meining, eit stempel som noko ein berre møter gjennom teksting av utanlandske tv-seriar på NRK. Til og med i lærarutdanninga har eg høyrd båe forelesarar og medstudentar snakke negativt om nynorsk. Dette er diverre med på å byggje opp under det negative stempelet nynorsk har blant mange, og eg fryktar for kva desse haldningane kan gjere med framtidige elevar vi møter i vårt arbeid. Då er det flott at du viser til relevant forsking om fordelande med nynorsk

    SvarSlett
    Svar
    1. Så hyggeleg at du las og satte pris på dette innlegget. Det er mange årsakar til at "folk flest" ikkje forstår verdien av nynorsk. Ein av dei er at skulen har svikta – diverre. Mange lærarar manglar den grunnleggjande forståelsen av språkleg kompleksitet og samspel.
      Å snakke dialekt er meir populært enn nokon gong. Nynorsken er mykje nærmare mange dialektar enn bokmål. Berre det er ein god grunn til å verdsette nynorsken.

      Slett